DEN STore midtlivskriseundersøkelsen
... for å vie 10 minutt av ditt liv til å delta i Den store midtlivskriseundersøkelsen.
Om du er mann eller kvinne, ung eller gammal, brun eller blond, dårleg gift eller godt skilt, spelar inga rolle, så lenge du har høyrt om uttrykket midtlivskrise. Målet er å lukkast der forskarar har feila, ved å lage den folkelege definisjonen av kva ei midtlivskrise er.
Så fyll ut, og få også dei rundt deg til å fylle ut skjemaet, så blir funna best muleg.
Og podcastserien blir meir underhaldande.

podcast...for å høyre på podcastserien Midtlivsmannen, der eg møter folk som har opplevd midtlivskrise, dei som sto rundt då det small, og ikkje minst psykologar, forskarar og andre ekspertar som kan fortelle oss kva som har skjedd i kropp og sjel når ein mann midt i livet får akutt behov for å få sprekare kropp, sprekare bil og sprekare kone. Har du tips, spørsmål eller ønsker du ønsker at eg tek opp i podcasten, send e-post til midtlivsmannen@gmail.com |
PÅSKEKRYSStemakryssord...for å ta midtlivskrisekryssordet online. Finner du dei tolv riktige midtlivsrelaterte orda horisontalt, vil eit vertikalt løysingsord tre fram. Hint: løysingsordet er den verste fienden til ein aldrande kropp:) Send løysningsordet i e-post til midtlivsmannen@gmail.com for å vere med i trekninga av ein Kvikk Lunsj. |
OM prosjektetEg heiter Arild Opheim, er 42 år, og innsåg ein dag at eg sto trygt planta midt i faresona for å få midtlivskrise. Så eg slo opp med min einaste arbeidsgjevar i mitt vaksne liv, NRK, der eg hadde jobba i 18 år, for å vie livet mitt til å forhindre at eg skulle bli det neste offeret for den klassiske klisjemidtlivskrisa. Eg skal finne ut alt som er verd å finne ut om midtlivskrisa. Og kan du hjelpe meg på vegen, send e-post til midtlivsmannen@gmail.com. |